Torkjell Asheim m.fl. - Leira i Valdres

299,00 Kroner

Varenummer: LVL39B43896
Lagerstatus: På lager
stk.

Søk på forfatter
Innbundet
Boken er fin.
Språk: Norsk
Vekt: 0,800
Sider: 144
Illustrert: Ja
Denne utgaven er trykket i: 2001

Vår registrering
Oppdatert:
25.08.2025
Internkode: AKS70

Innhold forklart av AI.

I sorenskrivar Niels Wisloffs reiseskildring frå 1743 er Leira i Valdres skildra slik: «Ellers Rinder der og en Elff Ved den Plads Leiren i Fornevnte Ourdals Præstegield som Kommer Østen fra it Stoert Kiem Leiren kaldet af I Fier-dings Vejs Lengde..». Boka om Leira i Valdres viser fram ei nærare 200 år lang Leira-historie, med korte glimt også inn i det historiske halv-mørket før 1800. Med over 200 illustrasjonar dokumenterer boka visuelt historia til denne tettstaden midt i Valdres som vart tufta på haugiansk ånd og amerikansk kapital. Vi kan blant anna lesa om dei fyrste granderane, Ivar Uh-moen Leira og Anne Johanssveen Leira, som starta det fyrste fargeriet på staden i 1855. Boka fortel også om Leirestogo. som var utgangspunktet for at Leira vart det politiske og administrative senteret i Nord-Aurdal frå 1849 og fram til rådhuset på Fagernes stod ferdig 130 år seinare. 
Men ikkje minst handlar boka om eit fargerikt småskala industrieventyr. Du kan også lesa om gra nderar som fekk hjula til å svive. Ranheim, Månum og Stendebakken var berre tre blant mange. Iskremfabrikken Jotun-Is kjenner dei fleste til, men det er ikkje mange som veit et det vart produsert 5.000 jordbruks-plogar i ein liten plogfabrikk ved Leiraelva. Og kven bart høyrt om gitarfabrikken til Ola Leira? I boka kan du også lesa om stilreine skihopp med Kongs-berg-knekk i Brøto og om langeleikspelaren Johannes Hallen som spela for kong Haakon. Når kom parafinlampa til Leira. og når vart den fyrste syk-kelen observert? Leiraboka fortel også om korleis Leira vart eit stort skulesentrum med plass til 800 elevar. 
Du kan også lesa om ein leiring som starta guteklubben «Sprint», som vart havrettsminister Jens Evensens høgre hand. som seinare hamna i spionrettssak og til slutt slo seg opp på internasjonal handel. Kor mange husdyr var det på gardane på Leira rett etter krigen? Og har du høyrt om lysets far og mørkets fyrste, om dansebandet Månums Trio og fotballaget Woodstock United? Om dette og mykje meir som har skjedd ved «den plzids Lei-ren» — fortel dei tre forfattarane om i denne boka. 
Torkjell Ashcim (fødd 1924) er tidlegare rektor ved Val-dres Folkehøgskule, Aud Karin Klevgaard (fødd 1951) er lærar på Valdres vidaregåande skule og Bjørn Karsrud (fødd 1953) er journalist i avisa Valdres, 

Produktets tagger

Billigere bøker og porto!

Mine tagger