Knut Roald - Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring

299,00 Kroner

Veil. salgspris 649,00 Kroner

Klarna
Varenummer: Lær150B29983
Klar for sending: På lager
stk.

Søk på forfatter
Heftet
Boken er lest, men helt fin
Språk: Norsk
Vekt: 0,512
Sider: 258
Trykket i: 2017
Illustrert: Ja

Vår registrering
Oppdatert: 02.07.2024
Internkode: HAA

Når skole og skoleeigar utviklar kunnskap

Kva skal til for at kvalitetsvurdering skal stimulere til organisasjonslæring på den enkelte skole? Kan kommunar og fylke bli meir solide skoleeigarar gjennom aktiv bruk av nasjonale prøver, elevundersøkingar, tilstandsrapportar og statlege tilsyn? Korleis unngår ein at kvalitetsarbeidet blir eit ritual som i liten grad fører til betre undervising og læring? Dette er sentrale spørsmål i denne boka, som rettar søkelys mot kvalitetsdiskursen både nasjonalt og internasjonalt.
Forfattaren ser på korleis leiing av kunnskapsutviklande prosessar krev førebuing, gjennomføring og oppfølging som skil seg frå tradisjonelt forvaltningsarbeid. Gjennom utvikling av systemiske samhandlingsmønster kan skolar og skoleeigarar etablere lokalt handlingsrom som styrker undervisnings- og læringsarbeidet. Samstundes kan kvalitetslogikken også auke avstanden mellom skolar, kommunalsjefar, rådmenn og politikarar.
Målgruppa for boka er fagpersonar, leiarar og studentar som arbeider med spørsmål om kvalitetsvurdering og organisasjonslæring.
Knut Roald er dosent ved Høgskolen på Vestlandet med leiing, kvalitetsarbeid og organisasjonslæring som forskingsområde Han har bakgrunn som rektor, kommunalsjef og leiar av industriverksemder. Forfattaren er knytt til masterprogram i utdanningsleiing og har fagleg ansvar for studietilbod innanfor den nasjonale rektorutdanninga.

Produktets tagger

Billigere bøker og porto!

Mine tagger