Geir Kleiveland - Ein våg me veit um - Arbeidsliv ved Mjøsvågen

299,00 Kroner

Klarna
Varenummer: LVE56B19509
Klar for sending: På lager
stk.

Søk på forfatter
Innbundet
Boken er veldig fin.
Språk: Norsk
Sider: 204
Vekt: 0,767
Illustrert: Ja
Denne utgaven er trykket i 2018

Boka tek føre seg dei ulike næringsaktivitetane folket ved Mjøsvågen har drive fram gjennom tida. Gardsbruka var småe, og det var nødvendig med ulike attåtnæringar.

Frå gamalt var det mange som var på bygningsarbeid. Seinare kom andre yrke til. Her var garvarar, fargarar, skreddarar, skomakarar, metallarbeidarar, landhandlarar, tekstilprodusentar. Men kanskje meir spesielt var det at det utvikla seg næringsklyngjer i fleire næringar, det som i dag er så mykje omtykt. Ein føregangsmann startar og oppnår suksess. Det får andre til å hengja seg på.

Ved Mjøsvågen skjedde det med kistemakarane, der den fyrste i løpet av eit par tiår fekk fylgje av sju-åtte som også laga kister, skrin og koffertar. I tiåra før og etter 1900 var det å laga kister ei viktig næring ved Mjøsvågen.

Noko av det same skjedde i metallfaget. Også her fekk føregangsmannen fylgje av fleire som starta eigne verkstader, og i lang tid var metallverkstadene viktigaste arbeidsplassane i bygda. I dag har ein av desse verkstadene, Mjøs Metall, vorte ei av dei største bedriftene i Osterøy kommune.

Det er historia om dei mange næringsgreinene ved Mjøsvågen denne boka handlar om.

„Ein våg me veit um” er spekka med bilete, både gamle og nye.

Produktets tagger

Billigere bøker og porto!

Mine tagger